Organisering av forskning
Forskingsstrategisk råd
Forskingsstrategisk råd er eit nyoppretta råd ved Høgskolen i Ålesund. Rektor lediar rådet, som ellers er representert ved forskingskoordinatorane fra avdelingane, og ein studentrepresentant. Rådet skal ivaretake og bidra til gjennomføring av forskingsstragien ved Høgskolen. Se mandat nedanfor. Forskingssjefen er sekretær for rådet.
Mandat for Forskingsstrategisk råd
Vedtatt av styret for Høgskolen i Ålesund 09.09.2011
Forskingsstrategisk råd skal vere eit rådgjevande og utøvande organ for høgskolestyret i saker som vedkjem kvaliteten på forsking og forskingsmiljøet ved Høgskolen. Rådet skal legge fram forslag til aktuelle tiltak for å fremje forskinga. I forskingsstrategiske spørsmål leverer rådet si innstilling til styret. Styret sjølv kan velge å delegere ansvar og myndigheit direkte til forskingsstrategisk råd, jf. Delegasjonsreglementet § 7.4. I saker som formelt skal avgjerast av rektor vil det vere rådgjevande organ.
Forskingsstrategisk råd skal
- vere høyringsinstans for retningslinjer og rutiner som vedkjem forskinga ved høgskolen
- vere rådgjevande i forskingsetiske spørsmål
- i samråd med avdelingene, gi innspill til høgskolestyret vedrørende høgskolen sin forskningsstrategi, og innspill til sentralt FoU-budsjett
- være et rådgjevande organ for rektor i utforming av prosedyrar og retningslinjer for tildeling av forskingsmidlar internt
- fordele interne forskingsmidler, eller andre forskingsmidlar som rektor er gitt myndigheit til å fordele, mellom søkjarar i hht. retningslinjene. Fordelinga skal vere begrunna i forskingsfaglig kvalitet og forankra i Høgskolens forskingsstrategi.
- fordele nye stipendiatstillingar tildelt over statsbudsjettet, mellom avdelingane på Høgskolen. Stipendiatstillingane tildeles etter søknad frå avdelingane, og ønska fagområde for stipendiatstillinga må inngå i Høgskolen sine strategiske satsingsområder. Utlysing av og tilsetting i stipendiatstillingar følgjer ellers generelle retningslinjer for utlysing og tilsettingar ved Høgskolen.
- prioritere forskingssøknader frå Høgskolen til Strategiske høgskoleprosjekter (SHP) eller tilsvarande strategiske forskingsprogram. Prioriteringa skal vere fagleg og strategisk begrunna.
